|





|

Bygda er eit
velutvikla handelssenter med mange spesialbutikkar, fleire
samla i store butikksenter. Desse er, saman med andre
næringsdrivande, organiserte i eit aktivt næringslag, som
m.a. står bak Øystese-marknaden - eit stort arrangement som
annankvart år trekkjer til seg tusenvis både av lokalfolk og
tilreisande.
Etter å ha
vorte påverka av treskjeraren Lars Kinsarvik, starta mange
frå Øystese møbel-verkstader rundt slutten av 1800-talet.
Desse er no vekke, men i god møbeltradisjon har Øystese i
dag med sine møbelfabrikkar, plassert seg mellom dei største
møbel-produsentane i landet, særleg innan produksjon av
salongbord.
|
|
|