Øystese i Hardanger
Bygda med tusenårsstaden
Øystese
huus-bokhandel

HUUS BOKHANDEL

er ein distriktsbokhandel som gjer sitt beste for å leva opp til dei krav som blir stilt slike. Det handlar om å ha eit breitt og godt utval av bøker som kjem på marknaden, i alle sjangrar. Om kunden ikkje finn den boka han ønskjer, blir boka skaffa raskast mogleg - om ho er tilgjengeleg. Bokhandelen har og som mål å yta all fagleg hjelp til kunden, svara på spørsmål, rettleia og gje god kunnskap om dei ulike bøkene. Bokhandelen er og oppteken av å få  til forfattarbesøk, der desse kan fortelja om bøkene sine, gjerne og  skriveprosessen.  Ulike arrangement med skulebesøk, utstillingar, kokkekunster knytt til matbøker, besøk til ulike lag med bokformidling, er tiltak som ofte står på programmet.

I 2009 fekk Huus bokhandel Den norske Forleggerforeningens pris for sin særlege innsats for fremjing av norsk litteratur.   Bokhandelen feira same år 30-års jubileum med bl.a. stor marsipankake!