Foto: Per Magne Normann

Næringsliv og reiseliv i Øystese

Øystese har lange tradisjonar med jordbruk og møbelproduksjon. Viktige næringar den dag i dag. I dag er også industri, varehandel og turisme viktige næringar for dei som bur i bygda.


Etter å ha vorte påverka av treskjeraren Lars Kinsarvik, starta mange frå Øystese møbelverkstader rundt slutten av 1800-talet. Desse er no vekke, men bygda sine møbelfabrikkar i dag er mellom dei største møbelprodusentane i landet, særleg innan produksjon av salongbord, der dei er blandt dei leiande i Skandinavia.

I tillegg til ei rekke småbutikkar, finn ein både matvarebutikkar, bensinstasjonar, hotell, trykkeri og meieri i bygda. På meieriet vart det fram til omtrent 1990 produsert gammalost, inntil «Øystese ... tapte kampen mot Vik i Sogn om hvem som skulle få fortsette å produsere» (Bergens Tidende, 28.09.2009, s. 9). Etter den tid har meieriet hatt suksess som spesialanlegg som produserer ulike variantar av Kremost, ulike kremostbaserte dessertar og kremostprodukt. 

Øystese er i dag eit velutvikla handelssenter med mange spesialbutikkar, fleire samla i dei to butikksentra i sentrum. Desse er, saman med andre næringsdrivande, organiserte i eit aktivt næringslag.
 
Gardsturisme og annan overnatting
Øystese har eit variert overnattingstilbod. Sentralt i bygda fin ein Hardangerfjord hotel, og fleire stader tilbyr gardsferie. Ein kan også leiga hytter og leilegheiter ved fjorden eller oppe i høgda. 
 
Foto: Mariusz Marczak/Hardangerfjord Hotel

Bedrifter i Øystese:

Klikk på logoane for å lesa meir om dei ulike bedriftene i Øystese.
 
omv-bilsenter2
torpe
huus-bokhandel
janmologo
tinelogo
nlt-hordaland
gbs
bunadsbua
kvammabygg
xl-bygg
kb
oystesegullsmed
hardangerf hotel pos
mogardsferie