IMG_7206

Aktivitetar i Øystese

I Øystese er det eit variert tilbod - sommar som vinter. Øystese er eit godt utgangspunkt for ei rekke fjellturar, og om vinteren er Sjusete skisenter eit eldorado for store og små. Like nord for bygda ligg Skårsvatnet der ein kan mata gullfisk og i sentrum ligg Ingebrigt Vik-museet og kunst- og kultursenteret Kabuso side om side. Nedanfor desse finn du ei sandstrand godt egna for både store og små badeglade.




 
IMG_5012

Sommar

Foto: Mariusz Marczak/Hardangerfjord Hotel
TURAR
Øystese er eit flott utgangspunkt for turar for både store og små. Sogesti i Fitjadalen eller topptur til Skrott- det er berre å velje. Kvam Turlag arrangerar turar heile året, og Visit Kvam har mange flotte turforslag på heimesidene sine. Eit anna populært mål er Gullfiskedammen (Skårsvatnet). Her kan ein sjå og mata gullvederbuk eller ta seg ein dukkert i det forfriskande vatnet.

VIKINGSKIPET TYRA
Bli med på eit ekte vikingtokt på Hardangerfjorden. Turen vert tilpassa kvar enkelt gruppe, ettersom kor stor gruppa er og kor masse tid ein har til rådighet. Passar for både firma, familiar og grupper. Det er plass til 10 roarar, og totalt 15 personar i båten. 

BERGEN RIB SIGHTSEEING
Ynskjer du ein naturopplevelse på Hardangerfjorden med fart og spenning? Bergen RIB tar deg med på fjordsightseeing, havrafting, fisketur, utdrikningslag, kick-off, firmaturer med meir.

Aktuelle lenkjer
Kvam Turlag
www.visitkvam.no
Vikingskipet Tyra
www.brsh.no

Idrett

TineFotballskule-640x360
ØYSTESE IDRETTSLAG
ØIL er eit allidrettslag med aktivitetane fotball, turn for damer, friidrett og trim for born, boccia/handicap, skihopp, alpin og vekter/styrke.

ROSSVOLL VOLLEYBALLKLUBB
Rossvoll er ein volleyballklubb med lag frå U13-klassen til seniorlag for både damer og menn.

HARDANGER GOLFKLUBB
På Børve i Øystese ligg ein 6-hols golfbane med drivingrange på 200 meter.

BOWLING
Hardanger Bowling ligg midt i Øystese sentrum. Her er det fire banar. Kvam bowlingklubb driv hallen på dugnad. Må tingast på førehand.

Aktuelle lenkjer
www.oysteseidrettslag.no
www.oystesefotball.no
www.rossvollvbk.no
hardangergk.wordpress.com
Kvam bowlingklubb

Vinter

IMG_7242
Vinterstid har skiinteresserte mykje å velga mellom i Øystese og regionen rundt. Dei som vil stå på alpinski eller snowboard, kan ta den korte turen til Kvamskogen der ein finn Furedalen Alpin, Eikedalen Skisenter og fleire andre skitrekk.

Sjusete skisenter ligg 10 minutt køyring frå Øystese sentrum. Her finn ein kilometervis med preparerte langrennsløyper - både med og utan ljos. For dei med børse på ryggen er det eit flott skiskytaranlegg tilgjengeleg.

Aktuelle lenkjer:
www.sjusete.com
www.furedalen.no
www.kvamskogen.com
www.eikedalen.no
 

Områda rundt

Fyksesundet. Foto: www.fyksesund.no
FYKSE, STEINSTØ OG BOTNEN
Dersom du tek turen 10 km frå Øystese innover fjorden, over Fyksesund-brua, kjem du til ei lita grend som heiter Fykse. På Fykse, kjend for sitt godt ivaretekne kulturlandskap, ligg Gamlastovo Gardsrestaurant. Her kan grupper få matopplevingar utanom det vanlege, med bruk av lokale råvarer og eigen grottekonsert. Dersom du held fram langs riksvegen kjem du til Steinstø, der du kan besøkja Steinstø Fruktgard. Fleire gonger i veka går det båt inn den smalaste fjordarmen i Hardangerfjorden til den veglause og fråflytta grenda Botnen. 

Aktuelle lenkjer
www.fyksesund.no
www.gamlastovo.no
www.steinsto-fruktgard.no

Museum

web_ingebrigt_vik-_park__liten_fil_Hovedbilde
Øystese har fleire museum. Det flotte Ingebrigt Vik-museet ligg midt i bygda. Her kan ein nyta verka til bilethoggaren som noko urettvis levde i skuggen av den samtiige Gustav Vigeland. Ved sida av finn ein kunst- og kultursenteret Kabuso. er er utstillingar, konserter og arrangement gjennom hele året.

Hardanger Skyspace er ein ny, fast kunstinstallasjon i Øystese, som vil gje mange gode kunstopplevingar i åra som kjem.

For å få eit innblikk i korleis ein levde i bygda i gamle dagar, kan ein besøkja det svært interressante  bygdemuséet Storeteigen. Omvisning der må tingast på førehand.

Aktuelle lenkjer:
www.kabuso.no
Hardanger Skyspace
Hardanger og Voss museum - Ingebrigt Vik
Hardanger og Voss museum - Storeteigen

Andre aktivitetar

IMG_9739
MUSIKK
​Kortradisjonen står sterkt i Øystese. Bygda har eit skulekorps og eit vaksenkorps i tillegg til fleire kor.

OPPLEVINGSPAKKAR
Hardangerfjord Hotel tilbyd opplevingspakkar for store og små grupper etter ynskjer. Ta kontakt for meir informasjon.

GARDSBESØK PÅ SPILDEGARDEN 
Spildegarden ligg sentralt i bygda og tek imot grupper på minimum 10 personer. Omvisning og prøvesmaking av produkta, og Geir Henning Spilde har som regel ei god historie til kvar enkelt eplesort. Utsal av eplemost på garden, og ein kan òg få laga sin eigen etikett på flaska. Eit flott gåvetips til den som har alt er å laga ei personleg helsing på etiketten.

Aktuelle lenkjer
Kvammakoret

Norheimsund og Øystese ungdomskor
www.hardangerfjord-hotell.no
www.spildegarden.no