Foto: Mariusz Marczak/Hardangerfjord Hotel

Arrangement i Øystese

I Øystese vert det arrangert ulike festivalar og andre arrangement året rundt. Her kan ein finna alt frå dansar og musikkfestivalar til handtverksmesser og basarar.

 
Siderfestivalen-Hardanger_LOGO

Siderfestivalen i Hardanger

Velkomne til ei helg i Øystese med sider, kultur og fest i sentrum.

Siderfestivalen går av stabelen i oktober

Les meir på www.siderfestival.no
vaarkjeta2015

Vårkjeta

Velkomen til bondens marknad i Øystese Sentrum! Dyr, musikk, konkurransar, underhaldning, utstillarar, grilling og moro! Øystese Fotball har turnering same dagen, så det vert garantert mykje liv i bygda!
7563379396_f2242458ab_c

Bygdalarm

Fenalår og deilegpop til folket! Musikalsk ynskjer Bygdalarm å halda ein spissa profil og presentera ulike artistar med ulikt musikalsk uttrykk tett knytt opp mot sjangrane indiepop, rock, elektronika og funk. Festivalen ynskjer fletta saman det beste innanfor urban populærmusikk med dei mest storslagne og rurale omgjevnadane på Vestlandet. Bygdalarm skal vera ein arena for så vel etablerte artistar som nye.

Les meir på www.bygdalarm.no