Turløyper i sentrum

Turar-i-sentrum_2022

Turskildringar

SKULPTURRUNDEN - gul løype

1,5 km
Ein kort og lett tur som går langs elva og sjøen forbi Hardangerbadet, Hardanger skyspace, sandstranda, Øysteseparken og omsorgsbustadane Mikkjelsflaten der ein kan sjå fisk i bekken om ein er heldig. Langs løypa kan ein sjå fleire verk av dei lokale kunstnarane Ingebrigt Vik - ein av dei fremste norske bilethoggarane – og Øystein J. Laupsa.


ELVESTIEN - raud løype

1,7 km

Turen går på veg langs Øysteseelva med ein liten avstikkar på sti ned til elva der du kan nyta ein pause. Du passerer Kvam ungdomsskule der det er mogleg å hoppe på trampoline, spele street basket, frisbeegolf og sandvolleyball. Frå Busdalen går du på traktorveg opp gjennom Monsatunet. Ned att til sentrum går du ned Rokabrekka ved Øysteseheimen.


SVARTABRUALØYPA - svart løype

2,5 km

Flott tur som går langs Øysteseelva på både asfalt, grus og sti. Etter kryssing av elva på Svartabrua kjem ein opp til Steinhus der det er flott utsikt over bygda og fjorden. Det er mogleg å trille barnevogn heile vegen.


UTSIKTSLØYPA - grøn løype

2,6 km

Ein litt krevjande tur der du verkeleg får løn for strevet på toppen. Turen går på veg før den går over i trapper og bratt opp Jungelstien. På det høgste punktet i løypa er det benk der du kan ta ein velfortent kvil og nyta utsikta. Ned att til sentrum føl du vegen.

STORETEIGEN BYGDETUN - rosa løype

3,5 km

Tur som går gjennom det historiske tunet på Storeteigen. På museumsplassen ligg ein husmannsplass og ein møbelsverkstad frå tidleg 1800-talet. Frå museet opp til bustadfeltet Vavoll er det traktorveg. Ned til hovudvegen att kan ein velja mellom bilvegen eller ta ein snarveg som går på sti. Turen går forbi heile fire leikeplassar.


BØRVELØYPA - lyseblå løype

5,0 km

Turen går forbi Storeteigen bygdetun før den på traktorveg fører deg opp til bustadfeltet Vavoll. Frå parkeringsplassen ved leikeplassen til barnehagen går ein på sti gjennom skogen før ein kjem til Børve leikeplass og bilveg ned att til Øystese.


ÅSEN RUNDT - mørkeblå løype

6,2 km

Løypa går opp til Mo før ein svingar av på grusveg og til slutt sti. Etter eit parti i skogen kjem ein opp til golfbana på Børve der det er benkar ein kan nyta utsikta frå. Vidare går turen på grusveg til Børve. Her er det mogleg å ta ein kortare veg ned att til Mo. Det lengste alternativet tilbake til Øystese går på Børvevegen der det er flott utsikt over fjorden. På veg ned mot sentrum går ein forbi Storeteigen bygdetun.