Øystese i Hardanger
Turistbygd, skulebygd og handelssenter med eit variert nærings- og kulturliv. Bygda ligg vakkert til ved Hardangerfjorden, med utsyn mot Folgefonna i sør og det karakteristiske Torefjell i nord.

Næringsliv og reiseliv

Øystese er i dag eit velutvikla handelssenter med mange butikkar i sentrum. Desse er, saman med andre næringsdrivande, organiserte i eit aktivt næringslag. Bygda har eit variert overnattingstilbod. Sentralt i bygda finn ein Hardangerfjord hotell, og fleire stader tilbyr gardsferie. Ein kan også leiga hytter og leilegheiter ved fjorden eller oppe i høgda. 
Les meir

Aktivitetar

I Øystese er det eit variert tilbod - sommar som vinter. Bygda ved Hardangerfjordener eit godt utgangspunkt for ei rekke fjellturar, og om vinteren er Sjusete skisenter eit eldorado for store og små. Like nord for bygda ligg Skårsvatnet der ein kan mata gullfisk og i sentrum ligg Ingebrigt Vik-museet og kunst- og kultursenteret Kabuso side om side. Sommaren 2016 åpnar kunstinstallasjonen Hardanger Skyspace i sentrum. Bygda er elles kjend for sine mange aktive lag, som står bak mange varierte og mangslungne kulturelle aktivitetar.
Les meir

Arrangement

I Øystese vert det arrangert ulike festivalar og andre arrangement året rundt. Her kan ein finna alt frå dansar og musikkfestivalar til handtverksmesser og basarar.
Les meir