Foto: Sigbjørn Linga

Liv og lyst i Øystese: For alle – med alle. Bli med å lag liv i bygda di!

Er det noko du saknar? Kva treng me? Bør vi utvikle noko nytt? Har du ein ide? Er du engasjert og har du lyst å vera med på laget? Delta!

Aktuelt

Sundag 19.mai inviterer vi til idédugnad på Kvam ungdomsskule for innspel til vidare utvikling og organisering av arbeidsgrupper.

Dei ideane som det er interesse for å ta tak i, tar vi tak i saman!

Du har også høve til å komme med innspel undervegs!

Om prosjektet

Øystese Grendautval og Øystese næringslag har gått saman om å starte «Liv og Lyst» prosjekt i Øystese. Med støtte frå fylkeskommunen skal prosjektet førebels vare i eit år, men kan verte utvida til tre. Initiativtakarane vil legge til rette for at innbyggarar, organisasjonar, næringsliv og kommunen jobbar saman for å vidareutvikle Øystese til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Både dei som bur her og dei som liker å vere i Øystese er velkomne til å kome med innspel og delta. Dei frivillige laga er i seg sjølv ei berebjelke for aktivitet i Øystese og er særskilt invitert! 

Det er no i 2019 du har sjansen til å koma med ideane dine for kva som kan gjere bygda vår til ein triveleg plass for alle som bur her og alle som kjem hit!

Er det noko du saknar? Kva treng me? Bør vi utvikle noko nytt? Har du ein ide? Er du engasjert og har du lyst å vera med på laget? Delta!

 

Kontakt

livoglyst@oystese.no

Næringslaget Marit Buttingsrud
Grendautvalet: Kirsten Lunestad Vik
Kvam herad Reidun Braut Kjosås,
 
Følg oss på Facebook

Invitasjon til å delta med innspel

Kva er det viktigaste med Øystese for deg?

Kva ynskjer du å ha eller utvikle i Øystese?

Korleis kan vi få det til?

Alder

Kjønn



Eg:




Kommentarar

Namn (frivillig)