Foto: Mariusz Marczak
Foto: Mariusz Marczak

Om Øystese

Øystese er ein tettstad i Kvam herad i Hordaland som ligg langs Riksvei 7, sju kilometer aust for Norheimsund og ca 80 kilometer frå Bergen. Bygda ligg vakkert til ved Hardangerfjorden, med utsyn mot Folgefonna i sør og det karakteristiske Torefjell i nord.


I Øystese opnar Hardangerfjorden seg opp til eit fantastisk utsyn over fjorden, fjella og Folgefonna. Bygda er vakker med eit innhaldsrikt sentrum med aktivitetar og opplevingar for ein kvar smak. Her finn ein mellom anna kjøpesenter, hotell, idrettshall, bensinstasjon, park, badestrand og etestader.

Kulturopplevingar
Øystese vart vald til Hordaland sin tusenårsstad, og kunst- og kultursenteret Kabuso opna i den samanheng i 2006. Ved sidan av Kabuso ligg det flotte Ingebrigt Vik-musèet, eit intimt skulpturmuseum med verka til bilethoggaren som noko urettvis levde i skuggen av den samtidige Gustav Vigeland. I Øystese vert òg musikkfestivalen Bygdalarm arrangert kvart år.

Naturopplevingar
Naturen er høgt skatta av både tilreisande og fastbuande i Øystese. Bygda er eit godt utgangspunkt for fjell- og båtturar, ein har Gullfiskvatnet der ein kan mata gullfiskar frå land, den eventyrlege Sogestien i Fitjadalen og flotte Ørredalsfossen som viktige attraksjonar. Naturen i skogs- og fjellområda rundt bygda reknast for å ha store kvalitetar og er populære for både turliv, jakt og fiske.

Skule og utdanning
Øystese har lange tradisjonar for å vera eit skulesenter. I bygda ligg Øystese barneskule, Kvam ungdomsskule og Øystese Gymnas. Sistnemde går stadig nye vegar og tilby mellom anna elevar eitt års opphald ved eit college i USA.

 
img 0500